SKULEN VÅR
Hovedside
Telefon
Tilsette
Skulerute
Ordensreglar
Programvare
SEV
Bruksplan
IKT-plan
PSM
Utviklingsplan
Mobbing
Handlingsplan

SØK
Kvasir
Startsiden

LOKAL
Bremanger Kommune
Bremang.vekst.
Fylkeskom.
Kulturnett
Fylkesbibliotek
Firdaposten
Fylkesarkivet
Ruteinformasjon
Svelgen Skule
Kolset skule
Frøyen skule



02.02.00
LEIRSKULE PÅ DOMBÅS 
Søndag.13.februar
Vi møtte på Håvardstun og reiste derifrå i 9 – tida. På Oldeide kom berlarane på. I bussen såg vi Politiskulen og så kom vi til Stryn og vifta rundt omkring ein halv – time. Så kjørte vi vidare. I bussen såg vi på film og var rolege og hadde det kjekt! Nokre sovna og andre var vakne og livlege. Vi stoppa nokre gonger på bensinstasjonar som var ved vegen mot Dombås. Så var vi framme! Det var kaldt og snøen låg omkring eller snog som det heiter på Dombåsdialekt. Vi fekk rom, hotelrom rettare sagt, tre på kvart rom. Vi hadde til og med TV på romma! Vi fekk gryterett til kvelds og seinare var det møte med Alf slik at vi fekk vite kva vi skulle gjere på. Pingpongbordet  og pengespel var populære aktivitetar om kvelden
Måndag. 14.februar
Dagen starta med at vi vart vekte kl. 07.30. Vi åt frukost kl. 08.00 og etter det hadde vi ein time med Alf, der vi fekk vite kva vi skulle gjere denne dagen. Først skulle vi på ein liten skitur og etterpå i slalåmbakken. Den turen vart 5 km lang! Eirin vart sjuk og kunne ikkje vere med og det på bursdagen sin! Kl. 13.00 for vi opp i slalåmbakken og der var vi i tre timar og alle hadde det kjekt. Heisane var litt vanskeleg, men det gjekk. I slalåmbakken var det fleire løyper: Jerven, Røyskatten, halfpipe, kuleløype og Russaren. Alf tok med seg ein heil flokk gjennom fleire av desse skogsløypene. Kjempetøft. Om kvelden feira vi bursdagen til Eirin med pizza og diskotek.
Så var den første travle dagen i ei travel veke slutt

Tysdag. 15.februar

Som vanleg var det vekking kl. 07.30, stå opp, kle på seg, ete, lage niste, gjere leksa og teoritime. I dag skulle vi reise med buss opp til Nordsæter og gå derifrå heim att.

Vi fekk kurs i å lese kart og å binde ski. Etter pakking bar det til fjells. Vi gjekk mot Hindjurelva med fleire innlagde stopp, der vi studerte kartet. På ein haug ved elva hadde vi matpause. Vi fekk ei lang pause som vi brukte til skileik; for under stavar og vi hoppa i fonner. Veldig kjekt! Så bar det på ski igjen. Vi gjekk via Nordsæterranden til Gammelsæter. Der såg vi bæsjespor etter hare som hadde beita.

Vi hadde til no gått i Alf sine løyper, men nå fekk vi renne i preparerte løyper ei stund, før det bar til skogs igjen for ein kort matpause. Resten av turen rende vi i eige tempo nedover til skiskulen. Då vi kom heimatt fekk vi middag og alle for opp i slalåm- bakken der vi var i 3 timar. Denne dagen gjekk forferdeleg bra. Vi gjekk i alt 13 km på ski

Les meir...
 
Kåre Magne Moe